"Vi kjem til å sakne folka!"
Det nærmar seg slutten av endå eit skuleår, og eit nytt klassekull har sine siste dagar på Vestborg. Etter lunsj i går inviterte lærar Anders saman med Hilde heile vg3 klassa ned på terrassen.
Eg tek ein prat med elevane som er samla medan dei et is og kosar seg i sola.
Kva kjem dokke til å sakne mest når dokke sluttar på Vestborg?
Svara er mange: "Folka, plassen, internatlivet, volleyball, fellesskapet, Dregetua (gutteinternatet), Strandafjellet, ski, naturen, Stranda, dessert på søndagar, lett tilgjengelige venner"
Er det noko de er glad for å vere ferdig med?
"Skule" kjem eit einstemmig svar. "Og realfag, spansk og lærarane..neida!" Dei kjem heller ikkje til å sakne internatvask, stikkontroll og innetid, sjølv om dei er einige i at dei har blitt flinkare til å både vaske romma sine, vaske kle og ta oppvasken.
Eg spør elevane kva dei har vakse mest på som personar på Vestborg.
Mange nevner relasjonar. "Eg er blitt meir sosial", "Eg er blitt tryggare på meg sjølv", "Eg er blitt betre kjent med meg sjølv", "Eg er blitt flinkare til å forstå ulike typar folk", "Eg er blitt betre på å forholde meg til menneske", "Eg har vakse i trua", "Eg er blitt betre på å ta hensyn til andre menneske", "Eg har lært å vaske kle", "Eg er blitt god på å steike grandiosa".
Korleis vil de beskrive Vestborg med eitt ord:
SOSIALT, FELLESSKAP, INTERNAT, SPENNANDE, INTERNATLIV, TRYGT, MOGLEGHEITER, MEININGSFULLT!
Vi takkar for fine år saman med årets vg3 klasse og ser tilbake på mange gode minner!