Skule på hjul

Kjell Morten Håland • June 5, 2021

Den 26-27.mai var vg1 på Skule på hjul. Den årlege klasseturen med både fagleg og sosialt innhald.

Her er referatet som Maria Lillebø og Hedda Hugvik skreiv etter turen:


Turen gjekk til Runde og Kjeldsund. I løpet av opphaldet besøkte vi Rundefjellet og miljøsenteret på Runde. Der fekk vi høyre om klimakrisa og lære meir om fugleartar som lever på Runde. Det var lærerikt og ein viktig påminning om at vi lever i ein verden full av klimaendringar.


Etter utflukta på Runde, bar vegen vidare til Kjeldsund misjonssenter. Her vart det god stemning, og på programmet stod det bading, kanopadling, kveldskos og god mat. Vi vart godt tatt imot og fekk høyre den spennande historia om korleis Kjeldsund vart til.


Neste morgon åt vi god frukost før vegen gjekk vidare til Kystmuseet i Herøy. Her fekk vi høyre spennande historier om Herøy og lære om kva som skjedde her for mange år sidan. På museet fekk vi moglegheit til å gå inn i eit restaurert gammalt hus, og fekk ein smakebit på korleis dei levde på 1900-talet.


Siste stopp var Ivar Aasen-tunet. Dette var eit flott, nybygd museum som formidla historia om Ivar Aasen på ein ny og spennande måte. Her fekk vi blant anna sjå korleis Ivar Aasen levde og hans store verk. Vi fekk også sjå ein film som gav oss eit enda nærmare innblikk i Ivar Aasen sin oppvekst og liv.


Etter ein lærerik dag, gjekk turen heimover. Vi tok nytte av det fine veret, og stoppa derfor i Volda for å kjøpe is.


Vi kan sjå tilbake på ein fantastisk tur, fylt med gode minner og mykje ny kunnskap. Det er utruleg kjekt å vere på slike klasseturar, der vi vert kjent med kvarandre på nye måtar. Klasseturar er med på å styrkje klassemiljøet og vennskap.