- Vi har som mål å vere 80 elevar til hausten

February 21, 2023

Ope brev til Vestborg-familien frå rektor Jon Ove Holen

Ope brev til Vestborg-familien                                                                                                                                             Vestborg, 21.2.23

 

Kjære Vestborg-familie


Vil du hjelpe oss med å klare målet om 80 elevar til hausten? Vi er takknemlege for alle bidrag!


I «Tekjøkkenpraten» på vestborg.no seier vg3-elev Anne Marte Seljehaug: «Vestborg har gitt meg så mykje at eg så gjerne vil at andre skal få oppleve det same som meg!» 
https://www.vestborg.no/tekjkkenpraten-anne-marte-seljehaug


Vi på Vestborg vil gjerne legge til rette for at endå fleire skal oppleve det gode Vestborg har å by på: Ein trivsel blant elevane og støtte frå lærarane som er heilt i norgestoppen (Jmf Elevundersøkinga 2022), og ein skule som ligg i eit unikt landskap.
https://www.vestborg.no/vestborg-i-noregstoppen-trivsel-og-sttte-fra-lrarane
 

Derfor har vi som mål å ha 80 elevar når skulen startar i haust.


Vi veit at det er mange som er glade i Vestborg, og vi vil gjerne utfordre dykk til å løfte saman med oss for å klare målet vårt.

Kom gjerne med konkrete forslag til korleis vi kan gjere Vestborg endå meir kjend, og sprei gjerne saker frå vestborg.no, Instagram og Facebook til kontaktane dine. Dersom du har nokon du kjenner i aktuell aldersgruppe, utfordre gjerne dei til å vurdere å søkje Vestborg.


Søknadsfristen er 1. mars, men er det ledige plassar, så tek vi inn elevar også etter fristen.


Vi er optimistiske med tanke på å klare målet. I januar hadde vi kick-off/bli-kjent-helg for elevar som vurderer Vestborg. Deltakartalet var i fjor på 27, mens vi år hadde 34. Dessutan arrangerte vi skiweekend no i februar for første gong på fleire år. Leiren var for 8. klasse til 1. klasse i vg1, og deltakartalet var på 31.


Vi har også lyst å nemne det nye tilbodet for idrettselevane våre. Dei skal nemleg vere med å arrangere World Cup i skiskyting i Östersund i Sverige i åra framover, samt VM på ski i Trondheim i 2025. 
https://www.vestborg.no/idrettselevar-til-oestersund-og-wc-i-skiskyting
https://www.vestborg.no/nytt-tilbod-world-cup-i-skiskyting-og-vm-pa-ski


Måndag 27. februar kl 09.15 skal vi ha ikring 20 min live-stream frå ein time i sosialkunnskap. Er det nokon du kan tipse om dette via desse linkane?
Facebook: 
https://www.facebook.com/events/535391111788308/

YouTube: https://youtube.com/live/7krym9WFQWg?feature=share


Tysdag 28. februar kl 10.15 skal vi ha live-stream frå morgonsamlinga vår på ikring 10-15 min. Er det nokon du kan tipse om dette via desse linkane?
Facebook: 
https://www.facebook.com/events/1281455825916924/

YouTube: https://youtube.com/live/OC0CpRNlIvc?feature=share

 

Igjen: Vil du hjelpe oss med å klare målet om 80 elevar til hausten? Vi er takknemlege for alle bidrag!

 

Venleg helsing
Jon Ove Holen
Rektor