NYTTIGE LENKER
PÅMELDING
Måndag 27.2. klokka 09.15 vert det direktesending på ikring 20 min frå Vestborg. Då skal elevane i sosialkunnskap lage ei sending som skildrar korleis dei opplever faget.
Dette er eit tilbod som vi ynskjer skal gje eit innblikk i skulekvardagen vår, og vi ynskjer elevar som vurderer å begynne på Vestborg, deira foreldre og elles heile Vestborg-familien velkomen til sendinga!
Linkar til sendinga finn de her:
Facebook: https://www.facebook.com/events/535391111788308/
YouTube: https://youtube.com/live/7krym9WFQWg?feature=share
--------
Tysdag 28.2. klokka 10.15 vert det morgonsamlinga sendt direkte. Denne samlinga er lokalisert i gymsalen vår, sidan elevane i vg1 skal presentere ein dans dei har øvd på dei siste kroppsøvingstimane. Etter framsyninga vert det ord for dagen.
Har du lyst å få eit innblikk i kvardagen vår, er du velkomen til å stikke innom i den 10-15 min lange sendinga.
Linkar til sendinga finn de her:
Facebook: https://www.facebook.com/events/1281455825916924/
YouTube: https://youtube.com/live/OC0CpRNlIvc?feature=share