Skuledebatt og skuleval på Vestborg

September 1, 2023

Onsdag var elevane ved Stranda vgs og Vestborg samla i gymsalen vår til valdebatt. Dei største partia var representerte med både paneldeltakarar og valtorgstandar. Valtorget vart halde i etterkant av debatten.


Torsdag vart skulevalet gjennomført på Vestborg – med 98,4 % valdeltaking.


Elevane i faget sosiologi og sosialantropologi hadde ansvaret for gjennomføringa. På biletet kan ein sjå at Heaven Doorenspleet røyster, medan Sina Holø Husom, Rannveig Bjørnholm og Rebecca Celine Lauvstad ser til at alt går rett føre seg.


Grunna nasjonale retningsliner, så vert ikkje resultatet offentleggjort før 5. september.