Skulebesøk av Dag Inge Ulstein

Anders Nybakk • September 6, 2023

Vi fekk besøk av stortingsrepresentant, nestleiar i KRF og tidlegare Vestborg-elev Dag Inge Ulstein

Onsdag 23. august vart ein litt annleis dag her på Vestborg. Vi starta med morgonsamling men i staden for vanleg skule fekk vi gleda av ønskje Dag Inge Ulstein tilbake til Vestborg. Dag Inge har sjølv vore Vestborg-elev og tok difor først turen innom internatet Dregetua kor han sjølv budde i 1999 for å trekkje inn stemninga og kjenne på gamle minner.


-     "Vestborg har betydd veldig mykje i ei avgjerande tid for trua mi, utviklinga mi og livsvala mine. Her var det eit miljø som la til rette for utvikling og engasjement, det var gode lærarar og ikkje minst fekk eg nokre av mine beste vener her".


Etterpå heldt han eit foredrag om bistand, menneskerettigheitar og arbeid med klima og berekraft. Her fortalte han om sitt arbeid og sine erfaringar som Bistands- og utviklingsminister under førre regjering. Med interessante og sterke historier saman med bilete frå eigne reiser gjorde dette inntrykk på elevane våre.


-     "Det var utruleg sterkt å få sjå bildar av spesifikke situasjonar og høyre om kva han hadde sett og opplevd. Det gjorde mykje større inntrykk enn å berre høyre om svoltkatastrofar. Det var veldig inspirerande å sjå engasjementet hans, for han rista nesten fordi han var så engasjert. Det er også veldig fint at ein som har ein så stor rolle i samfunnet tar seg tid til vesle Vestborg. Det viser kor viktig det er at alle kan bidra og gjere ein forskjell" - Solveig Bakke vg3

Det som engasjerer Dag Inge aller mest var ifølgje han sjølv akkurat dette – å besøke ungdom og skape engasjement hos dei og vise deg at folk kan utgjere ein forskjell. Difor var han svært begeistra over russens misjonsprosjekt som i år går til Aust-Afrika, og hadde følgjande råd til dei.


-     "Prøv å gjere det dagsaktuelt. Fortel om problema med sult, tørke og klima som rammar dei i dag. Og ver superfrimodige. Ein må sjølvsagt ta hensyn til at mange strever med økonomien her heime også, men prøv å få fram at ein kan oppnå mykje med små midlar. Også må de sjølvsagt samarbeide godt om det".


Viss ungdommane ønskjer å engasjere seg meir innanfor bistand eller kanskje også arbeide med det, meiner Dag Inge det er plass til alle. Uansett kva ferdigheiter og evner ein har er det behov for dei. Om ein er kreativ, god i matte eller kva som helst så kan det brukast. Innanfor bistand treng ein heile spekteret. Det handlar om å lese seg opp og sette seg inn i kva utfordringar vi har i verda og å bruke engasjementet sitt inn mot det. Så viss du ønskjer å engasjere deg, følg engasjementet ditt og la det styre. Uansett kva utdanning du ender opp med kan det brukast til å gjere verda til eit betre sted.


-     "Det var veldig sterkt, og det får ein til å tenke på andre steder og andre folk, ikkje berre det du kjenner til. Ein innser også kor mykje som kan gjerast, og at det lønar seg å engasjere seg for ein kan gjere ein forskjell" - Jovna Olai vg2.New Paragraph