Misjonsløpet 2021
Vg3 arrangerte forrige tysdag misjonsløp til inntekt for årets misjonsprosjekt

Det var god stemning på tunet forrige tysdag då det årlige misjonsløpet gjekk av stabelen. I forkant av løpet har elevar spurt foreldre, besteforeldre, søsken, vennar og bekjente om å sponse dei.
I år går pengane som vert samla inn til NLM sitt arbeid i Vest-Afrika. Prosjektet støttar evangelisering, forbetring av livsvilkår og barne- og ungdomsarbeid.
Klassene vart delt inn i heat, og sprang ei kupert runde gjennom Vestborg-området på om lag 400 meter. Dei som ikkje sprang var heiagjeng og brukte både musikk, dans, rop og vatn for å motivere elevane til å springe lengst muleg på 30 minutt.
Nedanfor Storfjorden var det mat- og drikkestasjon med melon, banan, drue, is og saft for dei som trengte forfriskningar.
Mange av elevane hadde morsomme og kreative kostymer. Dei som vann konkurransen for beste kostyma var "Afrika-gjengen" i vg1 (kanskje du ser dei i bildegalleriet nedanfor?)
Det vart også premiering for den som hadde fått flest sponsorar, samla inn mest pengar og sprang flest runder. Premiar som Apple-TV, JBL høgtaler, gåvekort på Intersport og headset vart ein kjekk bonus for innsatsen for dei som vann.
Og resultatet på årets misjonsløp vart heile 81 090kr!
Har du lyst til å vere med og støtte russens misjonsprosjekt?
Då kan du Vippse til 129 159 eller bruke dette kontonummeret: 3910 45 83125