Idrettsdag

Kjell Morten Håland • May 26, 2021

Som ein del av faget Treningsleiing arrangerte idrett i vg3 idrettsdag for heile skulen denne veka!

Inspirert av "Mesternes Mester" har idrettsgjengen i vg3 planlagt eit idrettsarrangement i fleire månader. Dei starta med idèmyldring der idèane var både store og mange. Eigentleg hadde dei tenkt å arrangere noko som gjekk utanfor skulens eigne veggar. Eit Olabilløp på Stranda hadde vore veldig kjekt! Men som med mykje anna så har Korona gjort at det er vanskeleg å legge store planar. Derfor bestemte dei seg for å planlegge noko dei med ganske god tryggleik kunne gjennomføre.


Dei har ikkje lagt på latsida sjølv om planleggingstida har vore lang. Elevane her nemleg teikna, designa og bygd fleire av konkurranseelementa sjølve!

Og bedrifter har vore hjelpsame og sponsa.

Vi fekk stålrør ifrå Stranda stålindustri, Vestnes bygg har sponsa med materiale og Ous & Emdal med lister og finerplater, seier elevane.




På spørsmål om korleis dei syntes det gjekk i etterkant svarar dei:

"Det gjekk ganske bra. Det vart ikkje så mykje rot undervegs. Målet var å gjennomføre arrangementet med minst muleg hjelp frå skulen, og det klarte vi. Vi fekk til mykje til å vere kun 4 stykk".


Ja, det skal vere visst!

25.mai var dagen komen og Vestborgelevane var klare til kamp! Parvis måtte dei igjennom 10 konkurranser som utfordra konsentrasjon, statisk og dynamisk styrke, fokus, balanse, hurtighet og vinnervilje.

Midtvegs var det lunsj med pølsegrilling og god stemning på tunet i sola.


Elevane kosa seg og konkurransane var både utfordrande, kreative og morosame. Det heile vart avslutta med ein spennande finalekonkurranse med den klassiske "kronidioten" ifrå Mesternes Mester.