Vg1 på skule-på-hjul

Lars Johan Stokken • May 15, 2024

Kvar vår dreg vg1 på klassetur, på skule-på-hjul. Måndag og tysdag denne veka vart årets utgåve arrangert. Elevane overnatta på Lepsøy misjonssenter.


Med dette som utgangspunkt var elevane på tur i fjøra på nordsida av Lepsøya, og nokre var innom Sæth-hellaren – ei grotte med relativ smal inngang.

Vi fekk også omvising på vindmølleanlegget på Haramsøy, og i Ålesund fekk vi informasjon frå  62 grader Nord på Hotell Brosundet, samt vitja Mirakelhuset – det einaste bustadhuset som ikkje brann under Ålesund-brannen i 1904.



Vg1 ein er rett og slett ein kjempeflott gjeng å vere saman med – så dermed blei det ein strålande tur!

 

Nedanfor kjem det ulike bilete frå to knall dagar i knall vêr!

Andreas Haram har klatre opp i grotteveggen. Til høgre ser ein grotteopninga. 



Solnedgangen frå grotteopninga



Benjamin Brynestad slår hjul på skule-på-hjul



Glade ungdomar i vene omgjevnadar



Titanic



Ved eine vindmølla



Ingeniør-samarbeid



Notatar er viktig for lærdom!



Etter å ha laga ein kanal frå ein liten bekk, kunne desse karane bade på stranda.