Vestborg i noregstoppen i trivsel og støtte frå lærarane!
Vestborg i noregstoppen i trivsel og støtte frå lærarane!

I Utdanningsdirektoraret si skildring av Elevundersøkinga står det:
«Det er obligatorisk å gjennomføre Elevundersøkelsen for 7. trinn, 10. trinn og vg1 i høstsemesteret. Skolene velger selv om de vil gjennomføre på flere trinn, og kan invitere elever fra 5. trinn til og med vg3. Det er alltid frivillig for elevene å delta, og det er også mulig å hoppe over spørsmål.»
Med bakgrunn i dette har vi tatt eit djupdykk i resultata for vg1 i heile landet.
Vi har gått inn på kvar dei vidaregåande skulane som har studieførebuande program i våre 11 fylker – til saman har vi rekna det ut til å vere 342 skular.
Vi har teke for oss kanskje dei to viktigaste kategoriane – dei to kategoriane som er fyrst nemnd i Elevundersøkinga; «Trivsel» og «Støtte frå lærarane». Det var også dei vi gjorde det best i.
Med atterhald om menneskeleg feil, her kjem resultatet:
I kategorien «Trivsel» ligg vi på delt 6. plass med 4,6 av 5,0 mogleg score!
I kategorien «Støtte frå lærarane» ligg vi på delt 7. plass med 4,5 av 5,0 mogleg score!
I Møre og Romsdal fylke er vi nummer 1 i begge kategoriar!
Den 1. mars er det søknadsfrist for inntak for komande skuleår.
Vi veit det er mange som er glade i skulen, og vi oppmodar alle i Vestborg-familien til å spreie desse gode nyhendene i sitt kontaktnett:
Dersom ein byrjar på Vestborg, så er sjansane gode for å få oppleve god trivsel og god støtte frå lærarane til å gjere det godt på skulen.