MENY

Vestborg-elev vart norgesmeister!

Apr 19, 2024

Styrkeløft består av øvingane markløft, benkpress og knebøy. Ester stilte i ungdomsklassen (14-18 år) under 76 kg. Den vann ho med solid margin blant dei 5 som var kvalifiserte til NM. Gullet vart delt ut på grunnlag av samanlagtresultat av dei tre øvingane.


Ho fekk også med seg 4 sølv. Ein slår nemleg også saman alle vektklassane i ungdomsklassen og deler ut medaljar i markløft, benkpress og knebøy, samt samanlagt. Ester var nestbest i alle desse 4 kategoriane.


- Det var ei veldig, veldig kjekk oppleving! Eg likar idretten kjempegodt, og det var veldig fint å få vise kva ein kan når ein har jobba så mykje med det, seier Ester.


NM gjekk av stabelen i Bergen 12.-14. april. Ester var i dagane før stemnet i Roma saman med klassen sin, men reiste heim ein dag før dei andre for å rekke meisterskapen.


Under NM stilte heile familien opp som heiagjeng, noko som tydelegvis hjelpte.


- Eg har ein svoger, tidlegare Vestborg-elev Arne Meier. Han ropte skikkeleg høgt då eg løfta, så det kjende eg at eg fekk motivasjon av.


Ester har broren sin, Aron Skogli, som trenar. Dei er ein veldig bra kombinasjon.


- Aron lagar treningsprogram og står på for meg, sjølv om han jobbar fullt. Det er han som har æra for at eg vart norsk meister, seier Ester med eit takksamt smil.


Den norske meisteren er mykje å sjå i styrkerommet på Vestborg.

 

- Kva synest du om styrkerommet på skulen?
 

- Eg treng ikkje å gå andre stader for å trene. Styrkerommet på Vestborg har det eg treng som styrkeløftar.

 

- Kva er neste mål?

 

- Under NM klarte eg nesten noregsrekorden i min klasse i benkpress. Rekorden er no 91 kg. Det neste stemnet er regionsmeisterskapen i Bergen tidleg i mai. Då er målet å setje norsk rekord i øvinga!

Ester er i ferd med å få nytt kallenamn: NorgesmEster. Her er ho med medaljane ho sanka med seg frå NM i Bergen.

Share by: