Temadag for Ukraina

Åshild Stenberg • March 24, 2022

Elevrådet på Vestborg planla temadag "Ukraina" onsdag 23.mars, og mange kledde seg i blått og gult for å markere si støtte til Ukraina

Vg3 elev Anna Grinik Henriksen er halvt ukrainsk. Eg var spent på å høyre korleis dei siste vekene hadde vore for ho og familien. Forrige fredag tok dei imot mange slektningar som kom fram til Ålesund etter å ha flykta frå heimlandet sitt. Lillesøster Emilie går også på Vestborg, i Vg1.


Kan du fortelle litt om den ukrainske familien din?

Mamma kjem frå ein by sørvest for Kyiv. Her budde besteforeldrene mine, tante, onkel og 3 søskenbarn. No er 14 av dei kome hit til Ålesund. Det bur 9 stykk heime hos oss, og 5 stykk hos søskenbarnet mitt. Det er ganske fullt, og nokon bur i ein bobil i hagen vår.

Bestefar, onkel og nokon av søskenbarna mine må bli igjen i Ukraina. Bestefar kunne blitt med til Norge, men han vil vere att i Ukraina.

Då bestemor og dei andre familiemedlemmane mine flykta kom krigen nærare og nærare byen dei bur i. Flyalarmen gjekk heile tida.


Korleis var flukta til Norge?

Dei køyrte bil. Tidlegare hadde det vore lange køar for å kome seg over grensa frå Lviv, men då dei skulle krysse grensa gjekk det overraskande fort. Dei køyrte via Polen og Sverige. Det tok fire dagar å kome heilt til Ålesund. På eit hotell i Ålesund er det oppretta eit flyktningmottak. Der har dei fått kle, leikar og det dei treng no i starten.


Klarar du å beskrive korleis desse vekene har vore for deg og familien din?

Det har sjølvsagt vore tøft, og vi er prega. Eg fulgte mykje med i media i starten for å få med meg alt, men no prøvar eg å gjere det i litt mindre grad.


Kva synes du om engasjementet på Vestborg?

Det er bra! Eg synes det er kjekt å sjå mange engasjere seg for å vise støtte. Eg sendte eit bilde til familien, og dei syntes det var veldig fint å sjå alle Vestborgelevane som var kledd i blått og gult for Ukraina.