MENY

Tekjøkkenpraten: Gunnhild og Håkon Orset

May 16, 2023

Gunnhild var russ i 2015, medan Håkon fullførde Vestborg to år seinare. Dei blei kjende medan dei var elevar, og nokre år seinare vart dei kjærastar. I fjor sommar var dei brud og brudgom i eige bryllaup. Dei har veldig mykje godt å seie om Vestborg.


-       Hadde berre folk visst kor bra Vestborg er! Eg hadde vald skulen om att 100 av 100 gonger. Vestborg er så mykje meir enn ein skule – og heilt uvurderleg sosialt, seier Håkon.

 

-       Eg unner alle tre år på Vestborg. Åra gav meg mange dyrebare minner, og eg ser tilbake på Vestborg-tida med stor takksemd, seier Gunnhild.

 

Ekteparet er busette i Oslo, så av praktiske høve vart ikkje denne praten gjennomført på eit elevkjøkken. Journalisten måtte skru på skjermen for å oppnå kontakt – via plattforma Teams.


Under samtalen fortel Gunnhild linken mellom Vestborg og kor ho er i dag.

-       Akkurat no er eg i ferd med å fullføre bachelor-oppgåva i barnevernspedagogikk og er jobbsøkjar. Eg ynskjer å jobbe med barn og unge som har vorte utsette for vanskelege familieforhold. Dei trur eg er hjartebarna til Gud. Jesus viste gang på gang at han hadde omsut for dei svake og utstøytte i samfunnet. På Vestborg vart eg betre kjend med Gud og Bibelen. Difor valde eg å gå på Disippeltreningsskule i Ungdom i oppdrag etter Vestborg, og i ungdomstida mi vaks det fram eit ynskje om å kome nærare Gud og gi meg heilt til det Han har for livet mitt. Det var på denne måten eg opplevde at Gud leia meg til å bli barnevernspedagog.

 

-       Kva har Vestborg betydd for deg?

 

-       Kor skal eg byrje? På Vestborg fekk eg oppleve eit utruleg godt miljø, venskap og relasjonar. Det var heilt unikt! Eg fekk vener for livet. Når eg no snakkar med andre om vgs-tida deira, så er det få som snakkar så varmt om desse åra som Vestborg-elevane. Vi vart som ein familie – og hadde fellesskap også når vi gjorde lekser i lag. Eg var ei ganske usikker jente då eg kom til Vestborg, men i løpet av åra vart eg meir robust, frimodig og trygg. Det var eit trygt miljø å vekse i. Det gjorde at eg turte å ta stega for å få utvikle meg. Eg fann meg sjølv og blei betre kjend med Jesus og kva han vil, seier Gunnhild.

 

Håkon nøydde seg ikkje berre med å vere elev. Skuleåret 2019-20 var han miljøarbeidar på Vestborg. Til liks med kona så ser han link mellom åra på Vestborg og der han er i dag.

-       Akkurat no går eg 2. året på eit masterstudie på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås utanfor Oslo. Eg studerer industriell økonomi og blir sivilingeniør i bygg. Det har vakse fram i meg at eg skal bli leiar, og det var noko som Vestborg i høgste grad var med å utvikle. Der blei det klart at eg ville jobbe med menneske. Eg blei også utfordra til å ta leiaransvar. Der vil eg fyrst og fremst nemne Sylvi-Anne Mørch (tidlegare Tøsse) som gjekk i vg3 då eg var fyrsteklassing. Ho utfordra meg fyrst til å sitje i styret til Laget på skulen – og deretter utfordra ho meg til å verte leiar. Ho såg noko i meg som eg ikkje visste om meg sjølv. Etter kvart fekk eg også leiaransvar i både KRIK og i bibelgruppe.
 

-       Kva har Vestborg betydd for deg?
 

-       Åra på Vestborg sette kurs for livet mitt. Til dømes gjorde åra at eg tok viktige steg i trua mi. Vestborg forma mine styrker, til dømes å utvikle relasjonsbasert leiing. Det var også på Vestborg eg møtte Gunnhild, som vart kona mi. Det var fantastiske år – og det la eit solid grunnlag for livet mitt. Ja, det var ein treningscamp for livet, seier Håkon.


Gunnhild og Håkon vil også løfte fram det faglege perspektivet ved å vere Vestborg-elev.

-       For lærarane var ikkje lærargjerninga berre ein jobb, men også ein hjartesak. Difor fekk vi god støtte som elevar. Lærarane haldt ein godt fagleg nivå, og var med å skape ein læringsmiljø av veldig bra klasse. Ein kan velje Vestborg både om ein synest skule kan vere utfordrande og om ein har høge ambisjonar. Vestborg fiksar komboen fordi dei ser heile mennesket, seier ekteparet Orset.

Share by: