Rekordstor vg1-søkning til Vestborg!

Søknadsfristen gjekk ut 1. mars, og Vestborg har mykje å gle seg over no når tala er klare.
Skulen sitt talmateriale strekk seg attende til søknadar for skuleåret 2013-2014.
Av dei søkarane som har Vestborg som 1. prioritet, så var tidlegare rekord 36 søkjarar til vg1.
I år har vi 51 søkarar til vg1!
- Dette er storarta, seier rektor Jon Ove Holen.
- Kva trur du grunnen til denne auken?
- Det er det mange grunnar til, men ein viktig grunn er at søkarane kan ha lagt vekt på det elevundersøkingane til Utdanningsdirektoratet viser: Nemleg at Vestborg ligg heilt i landstoppen når det gjeld trivsel i vgs, studieførebuande fag, samt i støtte frå lærarane.
Erfaringsvis vert talet på elevar som byrjar på skulen ein del lågare enn talet på dei som søkjer.
- Likevel er det stor grunn til å tru at vi får ein heilt full vg1-klasse til hausten. Det er også veldig gledeleg å sjå tala for neste års vg2 og vg3. Der ligg det an til å bli minst like store klassar som dei er no i vg1 og vg2. Dette også viser at elevane våre trivast på Vestborg, seier ein særs nøgd rektor.
PS! Biletet er teke den flotte bli-kjent-helga for elevar som vurderer Vestborg som vi hadde i januar.
Nedanfor finn du linkane til sakene våre om elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet. Dei viser at Vestborg er heilt i toppen i Noreg av vgs-skular når det gjeld kategoriane "Trivsel" og "Støtte frå lærarar".