Velkomen til dugnad!

June 5, 2024

Vaktmeister Trygve Habostad er klar til ta i mot dugnadsfolket. Arbeidstida er frå klokka 10 til klokka 15 laurdag 22.6 – og den inkluderer lunsjservering.

Med tanke på tilrettelegging, så er det fint om ein kan gje eit vink om ein kjem her: thabostad@vestborg.no


Skulen oppmodar elevar frå ulike kull til å nytte høvet til å kombinere eit treff av tidlegare skulekameratar med å jobbe dugnad. Får de til det?


Trygve lovar fellesskap og trivelege arbeidsoppgåver, og han ynskjer alle masse velkomen. 😊