Nye i personalet

August 16, 2024

Dei nytilsette er Helene Overaa Eide frå Askøy, Andreas Muren frå Stranda og Trine Johansson frå Sula.


Her kjem ein kort presentasjon:

Helene Overaa Eide (øvst til venstre) er 32 år gamal og har jobba i skulen i Oslo i 6 år. Ho er lektor, og ho skal undervise i naturfag og i matematikk.

- Eg er spent på året som kjem, men eg gler meg til å ta fatt, seier ho.

 

Andreas Muren (øvst til høgre) er 21 år. Han var russ på Vestborg i 2023, og førre skuleår var han elev ved Bildøy bibelskule. Han skal vere miljøarbeidar dette skuleåret.

- Eg gler meg til å bli kjend med elevane og oppleve ting i lag med dei. Og så ser eg fram til å snakke med dei om tru og liv.

 

Trine Johansson (nedst) er 47 år. Ho har jobba over 25 år som lærar på ungdomstrinnet på Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund. På Vestborg skal ho undervise i spansk, tysk, norsk og kroppsøving.

- Det som eg gler meg mest til på Vestborg, er å få møte eit mangfald av ungdomar. Eg håpar å få vere ein medvandrar for elevane, både når det gjeld skulefag, tru og livet generelt. Skulen er også omkransa av vakker natur, som eg kjem til å nytte meg av – gjerne saman med andre.