Kvardagsglimt: Nøgd leigetakar

December 12, 2023

vestborg.no fekk ein rask prat med leiaren av bordtennisgruppa i Stranda IL, Jakob Skog, her ein dag. Til saman leiger gruppa gymsalen tre gonger i veka. Ein av dagane er åtte born i aktivitet, ein annan dag er det åtte vaksne som er på plass, medan føremiddagar på laurdagane er det fellestrening.

Skog fortel at bordtennisgruppa har eit godt samarbeide med skulen:

 

- Det var vanskeleg å finne ledig kommunalt lokale, så vi er takksame for at vi kan leige gymsalen på Vestborg. Her kan vi vere fleksible i høve til tidspunkt, og her går det greitt å oppbevare bordtennisborda mellom treningane, seier han.