Elevane på klasseturar

Dei tre ulike klassane drog til ulike stader i distriktet på samanristningstur.
Vg3 var på Kaldhussetra i Tafjord, medan vg2 og vg1 var på høvesvis Fjellsetra og Orreneset på grensa mellom kommunane Stranda og Sykkylven. Rapportane som har kome vestborg.no for øyre, tyder på at det har vore gode samlingar.
På biletet ovanfor har vg1-elevane fått i oppdrag å skrive gode ord til kvarandre. Orda vart skrivne på ein papptallerken som heng på ryggen til kvar einskild.
På biletet nedanfor kan ein sjå kontaktlærar Bodil Breivik Bø underviser vg1-elevane i dugleiken «aktiv lytting» på Orreneset. I etterkant fekk elevane prøve dette i praksis, og kontaktlærarane opplevde elevane som veldig læreviljuge og engasjerte. Dette lovar godt for skuleåret!
