Vurderer du å starte på studiespesialisering, idrettsfag eller påbygging på Vestborg vgs til hausten? Vil du bli bedre kjent med fagtilbodet, miljøet, elevane, aktivitetane og personalet?
Då er du velkomen til Vestborg 17.-19. januar 2025.
Opphaldet med mat og overnatting, er gratis. Det blir mykje kjekt program og elevane er klare til å ta godt imot deg.
Føresette er velkommen til middag og informasjonsmøte søndag.
Påmeldingsfrist: 15. januar.
(Føresette som vil vere med på middag/informasjonsmøte søndag, må også melde seg på.)
Vestborg er ein kristen internatskule og ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Det er gode bussforbindelsar både mot nord, sør og vest.
Ta med sovepose, laken, pute/putevar, klede til gymsal og skiutstyr om du vil i trekket! Sidan vi skal ha aktivitetar ute, så er det veldig lurt å ta med skikkelege gode uteklede - tilpassa vêrmeldinga for helga.