MENY

AktiVM-dag: - Fantastisk

Apr 24, 2024

Aktivitetsdagen er planlagd og gjennomførd av idrett vg3 i samarbeid med medelevar på Vestborg og AktiVM.

AktiVM er VM på ski i Trondheim, Trondheim2025, sin organisasjon for å få folk i aktivitet før VM komande vinter.


Ikring 65 elevar frå Geiranger, Sunnylven skule i Hellesylt, Stranda u-skule, Møre Ålesund og Møre Skodje vitja Vestborg.

Aktivitetane var inspirerte av Mestrenes mester og inneheldt både samarbeidoppgåver- og individuelle oppgåver. Idrett vg3 hadde gjort ein uvanleg god førebuingsjobb, og gjennomføringsnivået var skikkeleg høgt under aktivitetsdagen.


Elevar og lærarar frå gjestande skular som vestborg.no snakka med var veldig godt nøgde med dagen.


-           Dette var fantastisk! seier lærar ved Møre Ålesund, Per Gunnar Hamnøy.


Han grunngjev adjektivbruken på denne måten:


-           Eg likte godt opninga. Ein samla alle i gymsalen i starten og hadde ulike leikar som var med å bryte isen mellom elevar frå dei ulike skulane. Både då og seinare, då elevane var inndelte i grupper på tvers av skulane, så måtte elevane ut av si relasjonelle komfortsone. Det fungerte veldig bra. Dessutan tok Vestborg-elevane seg fint av gjestane, og det gjorde at ungdomsskuleelevane kjende seg trygge i aktivitetane. I tillegg gjekk sjølve gjennomføringa av arrangementet knirkefritt.


Lærar Jan Axel Solhaug frå Geiranger skule summerte dagen opp på denne måten:


-           Vi kjem gjerne igjen!




PS! Like etter pausen kom VM-sjef Åge Skinstad med ei videohelsing til alle deltakarane – med takksam applaus frå deltakarane.

https://wetransfer.com/downloads/7c257c4c55caaeb5c36db1660db7e0a920240422130328/48cb4c0d8011a00a417379c588522a4620240422130347/991c7d


Glimt frå semifinalen der puslespel-konkurranse stod i fokus:


Her frå sjølve finalen. Målet var å sende ballen i bakken på andre sida utan at den andre tok i mot.

Share by: